Skuffande tap mot Brann 2

Det enda diverre med eit skuffande tap i heimekampen mot Brann 2. Jentene leverte ein god fyrsteomgang, men fekk aldri ballen i mål. Etter pause var bortelaget eit hakk betre og var effektive på sine moglegheiter. Det enda til slutt 0-3.

Les kampfakta her!

Jentene fekk ein god start på kampen og kom til fleire gode sjansar frå start. Unøyaktigheit i avslutningane og ein god keeper hindra at det stod 1-0 tidleg i fyrsteomgang. Bakover stod ein god i mot og handterte det bortelaget kom med på ein god måte. Også utover omgangen skapte jentene nok sjansar, men ballen ville ikkje i mål. Difor stod det 0-0 til pause.

Etter pause var bortelaget meir med i kampen, sjølv om det framleis var jamnt i banespelet. Etter 53 minutt kom Brann 2 seg igjennom og fekk spelt seg fri utanfor 16-meteren. Stine Isaksen Solberg fekk god tid til å sette inn leiarmålet, og det stod 0-1 etter 53 minutt. Etter scoringa jaga jentene utlikning, og det opna seg også meir bakover. Det utnytta Brann 2 med å setje 0-2 etter 64 minutt spelt. Utover omgangen var det bortelaget som kunne kontrollere leiinga, og 5 minutt før slutt auka dei til 0-3.

Totaltsett hadde me nok sjansar til å kunne ta poeng i dag, men jentene var ikkje skarpe nok i dei avgjerande situasjonane både framover og bakover. Då vart det diverre tap og 0 poeng. Hovudtrenar Magne Elde fortel:

Tusen takk til alle som kom på kamp for å støtte oss i dag! Me set stor pris på kvar og ein! Det er framleis moglegheiter for kvalifisering, og me skal gjere alt me kan for å slå tilbake! I neste kamp møter me KIL/Hemne på bortebane, i det som blir ein heilt avgjerande kamp å vinne! Det gjenstår to kampar av sesongen, og me skal kjempe heilt ut!

God støtte frå Saftkokaradn og resten av stadion i dag! Foto: Martin Salbu

Martin Salbu