Me møter KIL/Hemne i årets siste bortekamp!
Marte Senneset Aaberge scora i heimekampen mot KIL/Hemne! Foto: Martin Salbu
Me møter KIL/Hemne i årets siste bortekamp, og det blir ein heilt avgjerande kamp! Føresetnaden er klar: Me må ta 3 poeng for å halde liv i målet om opprykkskvalifisering. Jentene er klare, og skal gi alt i ein tøff bortekamp!
KIL/Hemne er ein av dei tøffaste motstandarane i divisjonen, og før runden ligg dei på 2. plass, eitt poeng framføre oss. Klubben rykka ned frå 1. divisjon i fjor, og med store utskiftningar har dei framleis kjempa i toppen i år. Me møtte KIL/Hemne i fyrste heimekamp for sesongen, og det enda med eit surt 1-2-tap. Det vil me revansjere i morgon, i det som blir ein viktig kamp å vinne.
KIL/Hemne ligg på 2. plassen før dei to siste serierundane, og har førebels eit lite overtak i kampen om kvalifiseringsplassen. Det skiljer berre eitt poeng ned til oss, medan Sandefjord potensielt kan ha same poengsum som oss om dei vinn sin hengekamp. Det er altså 3 lag som kjempar, og med siger i morgon kan det bli spenning heilt til siste spark på ballen i siste serierunde.
Jentene er på plass på Hotell Koselig i Kyrksæterøra, og ladar opp til morgondagens kamp. På vegen opp vart det gjennomført ei lett treningsøkt på Standa Stadion. Me takkar for hyggeleg vertskap og lån av bana!
For dei som ikkje får sett kampen på stadion er det sjølvsagt mogleg å følgje med uansett! Kampen blir vist på TV2 Play/MyGame for dei som har abonnement! I tillegg er Kent Fimreite i Hallo Sogn på plass, og han kommenterer kampen i sitt fotballstudio på YouTube! Me oppdaterer også i våre eigne kanalar, så her er det berre å følgje med!