Tap mot KIL/Hemne
Det enda med tap i den viktige kampen mot KIL/Hemne. Jentene kjempa kampen ut, men det var diverre ikkje nok i dag.
Me byrja kampen med god energi og tok initiativet frå start. Det førte også til nokre gode målsjansar, og den største kom etter ca. 10 minutt. Julie Slattum Pettersen kom plutseleg åleine igjennom etter ei feilpasning, men diverre gjorde ei dårleg berøring av keeper kom sigrande ut av duellen. Istaden var det heimelaget som tok leiinga etter 16 minutt på eit godt angrep, og jentene måtte slå tilbake. Omgangen var jamn og tett, men heimelaget var mest effektive og leia 1-0 til pause.
Etter kvilen var det KIL/Hemne som tok føringa frå start, og jentene klarte ikkje heilt å løfte seg ut frå eigen halvdel. Det førte til nokre gode moglegheiter for heimelaget, men ein stod godt i mot bakover. I siste del av omgangen byrja det å sitte meir offensivt også, og berre litt unøyaktigheit hindra utlikning. Istaden kom det ny scoring i mot med 10 minutt igjen, og då vart det vanskeleg å kome tilbake.
Sjølv om ein satsa alt framover i sluttminuttane vart det ikkje scoring, og det enda 2-0 til KIL/Hemne. Jentene kjempa godt, men det vart akkurat ikkje nok i dag. Heimelaget var betre i dei avgjerande situasjonane, i det som var ein jamnspelt kamp.
Dette resultatet betyr at me ikkje lenger kan nå målet vårt om å spele opprykkskvalifisering, men sesongen er langt frå over! Når skuffelsen har lagt seg skal me nullstille, og så tek me i mot Toppserielaget Hønefoss til 2. runde i NM! Så gjenstår det ein kamp igjen av serien, og me skal avslutte med stil! Tusen takk for støtta!
Me inviterer til cupfest i samarbeid med Sognekraft! Meld dykk på her!
Høyr intervju med hovudtrenar Magne Elde her: