Sølvet sikra - godt som gull

Sølvjentene avslutta sesongen med stil og jublar saman med Saftkokaradn. Ein sterk mix!

2022-sesongen vart avslutta på beste vis. 1-1 mot sterke KFUM fortel om ei gruppe med vinnarvilje og sterk lagfølelse. Nokre gonger er uavgjort like godt som siger. Spesielt i denne kampen som sikra oss andreplass på tabellen. Henriette scora tidleg, og me skulle gjerne laga eit par mål til før pause. Men at oslolaget slo litt tilbake i andre omgang, var ikkje uventa. Likevel - me stod i mot og sikra det poenget me trengte. 2022-sesongen vart avslutta med stil.

  • Ein utruleg sterk prestasjon. Det som har skjedd i år er eigentleg vanskeleg å fatta. Og alle skal vita at dette er lagarbeid av ypperste merke. Mange, svært mange skal ha æra for det me har oppnådd, er trenar Robert sin klare tale etter kampslutt. Jubelen var naturlegvis stor, og no er det berre å sjå framover og førebu seg til neste sesong. Framleis blir det treningar ei stund, så å kvila for lenge på laurbæra er ikkje aktuelt.

To glade gutar etter at andreplassen var sikra. Framleis skal det trenast for å stå godt rusta til 2023.

Josefine kunne stolt ta i mot prisen som vinnar av Katrine Lerum minnestipend. Velfortent! Ein flott sesong for lustrajenta som også har debutert for Norge J-15 i år.

For Marte gjekk turen rett til Bergen og junior-NM i terrengløp. Vikjajenta var ikkje snauare enn at ho vann NM for junior, og sprang like godt inn til tredjeplass i klasse U-20.

Det er berre å ta av seg hatten og gratulera! “Førr ei dame”

Jon Navarsete