Siste seriekamp - me går for siger!

Det er klart for sesongavslutning i morgon laurdag kl. 12.30 på Fosshaugane Campus. Damene våre fortener eit stort publikum når dei skal prøva å sikra alle tre poenga mot eit godt oslolag, KFUM.

  • Sesongen har vore heilt spesiell. Ingen hadde nok forventa så gode resultat. Men det har vore jobba godt i alle ledd. Det er mange som skal dela på æra for denne suksessen, som sesongen 2022 har blitt, seier sportsleg og dagleg leiar, Sebastian Kaldestad framfor morgondagens oppgjer.

  • Me håpar mange møter opp og støttar laget. Det hadde vore skikkeleg moro om me kan avslutta sesongen med poeng mot KFUM. Det betyr i so fall andreplass på tabellen. Det vil bety ein enorm inspirasjon når me etter kvart skal gå laus på ein ny sesong, seier Sebastian.

Trenar Robert er klar på at me møter eit svært godt fotballag. Men han fortel om ei god treningsveke og fleire spelarar tilbake frå skade. Så troppen er god og med mulegheiter til å endra kampbiletet undervegs eventuelt.

  • Me må gå ut på bana og visa at me har trua på vårt eige spel. Visa kampmoral. Ha tru på det me gjer. Å kapra sølvet betyr mykje. Så det blir full trøkk frå start, lovar Robert.

-

Sbeastian og Robert har hatt mange, og gode treningsøkter på Fosshaugane. Det har gjeve resultat.

Oppfrodringa er klar - møt opp på kampen og heia damene fram. Slik Saftkokaradn gjer på kva einaste kamp! Kanskje blir det meir jubel og fleire scoringar å juble for.

Satsar på jubel og danseglede mot KFUM (Foto: Sogndal Fotball)

Jon Navarsete