Robert har signert ny kontrakt

Foto: Håvard Nesbø

Sogndal FK Damer er særs nøgde med at Robert Hovland har signert ny kontrakt som hovudtrenar for sesongen 2023.

Gjennomgang og signering av kontrakt på Fosshaugane Campus

Etter den solide gjennomføringa av årets sesong med 2.plass i serien og plass i den spissa 2.divisjonen frå 2023, var det eit samla styre som ønskte kontinuitet på trenarsida.

Når det gjeld resten av trenarteamet står det att nokre avklaringar før dette endeleg er på plass, men kontinuitet er eit nøkkelord også i denne prosessen.


Robert sine tankar om ny kontrakt og komande sesong;

Ein av hovudmotivasjonane for at eg ønskjer å vere med vidare er fyrst og fremst fordi det er fantastisk gjeng med lærevillige jenter som ynskjer å bli betre. Og så er me eit trenarteam som trivst veldig godt i lag og eit team rundt laget som er veldig bra. Det nye divisjonssystemet triggar også konkurranseinstinktet med nye spennande motstandarar. Når me tok over dette gjengen for 2 år sidan var det ein gjeng med jenter som så å seie kom rett frå jentefotballen og det har vore ein fin og spennande prosess å sjå korleis dei har utvikla seg i ekstrem fart. Eg er sikker på at me skal utvikla dei dei enno meir og at me skal me bli enno raore saman. Til neste år skal me fyrst og fremst bli enno betre på det me har vore gode på i år. Me skal ha eit ekstremt presspel både høgt og lågt og ein kapasitet som held toppserienivå. Og så skal me sjølvsagt utvikla oss på andre område. Det krev enno betre treningar og stiller større krav til råskap i gruppa.


Me ser fram til ny sesong med Robert som hovudtrenar - Stao No Pao!


Rune Henjesand