Velfortent feiring

Me avslutta sesongen på beste vis - i festleg lag, masse humor og fortent heider til mange.

Viktigast av alt: Eitt lag - Ein draum

Sogndal FK Damer feira det første året med fest på Malin fredag kveld. Sesongen har vore ein einaste lang opptur, så det var all grunn til å jubla litt ekstra og setja pris på det klubben har oppnådd dette første året. No er blikket retta mot den nye 2. divisjon og 2023. Avdelingsoppsettet kjem først 6. desember. Anna sette ord på det heile gjengen står for:

-Eg gler meg til å starta opp att i 2023. Denne sesongen har gjeve meirsmak!

Robert og Sebastian, to glade gutar, hadde mange lovord å koma med til damene då dei oppsummerte fotballåret. Verbalt og med videoglimt frå fleire av kampane. Som seg hør og bør - på ei sesongavslutning høyrer det med utdeling av prisar.

  • Lat det vera sagt med ein gong - eigentleg fortener de kvar sin pris, alle som ein. De har vore ei fantastisk gruppe, og har levd opp til “Eitt lag - ein draum”, sa Sebastian i sin tale. Robert på si side støtta dette fullt ut, og oppmoda kvar og ein av spelarane om å ta større plass i gruppa. Å våga å visa seg fram, å by på seg sjøl. Og at alle er budde på tøffare tak neste sesong.

  • Men me skal passa på å seia at alle her gjer ein viktig jobb. Trenarar, leiarar i ulike rollar og spelarar - hugs støtteapparatet er utruleg viktig. Og ein stor del av suksessen, sa Robert.

  • Tone, Torgeir og Åse hadde kvar sine innlegg som stadfesta alt det gode denne sesongen har bydd på. Til slutt fekk Saftkokaradn ordet, og dei delte ut sin pris etter avstemning på deira facebook-side, med heile 3000 avgitte stemmer. Prisen gjekk til Josefine, som saman med Mia denne helga deltek saman med Sogndal J-15 sitt lag i ei internasjonal turnering i Sverige.

  • Elles var det helsing frå “militære” Julie, som kom med gladmeldinga at ho er tilbake i Sogndal i januar!

Andrea, årets toppscorar og Maja, årets spelar i lag med KIL-veteran og viktig støttespelar i det nye Sogndal FK, Aud Inger Sviggum. Ho fekk prisen som årets eldsjel.

Her er prisvinnarane:

Årets spelar: Maia

Årets toppscorar: Andrea

Årets eldsjel: Aud Ingen Sviggum

Spelarane sin spelar (her var 11 spelarar nominert!): Henriette

Utviklingsprisen: Josefine

Saftkokaradn fekk velfortent skryt for sin innsats. Her representerte av Therese Langeland og Martin Salbu. Dei delte ut sin pris til Josefine

Jon Navarsete