Seriestart mot Medkila på søndag! Kampsponsor Mesta spanderar kampbilletten på alle!

Seriestart mot Medkila

 Endeleg er me i gang!

Medkila er ein tradisjonsrik klubb, som ved fleire høver har spelt i Toppserien. Lengste periode i toppserien var frå 2013-2017. Dei vann NM kvinner i 2003. Sjølv om det er eit stykke frå Sogn til Harstad, der Medkila held til, har Margunn Haugens vore trenar der 2017-2021 og det er ikkje mange år sidan Miriam Mjåseth gjekk frå Kaupanger til nettopp Medkila.

Me gler oss til å ta imot Medkila til kamp på Fosshaugane Campus komande søndag klokka 13:00.

I helga som var tjuvstarta me sesongen med NM kamp mot Fyllingsdalen. Kampen mot 1.divisjonslaget enda med 1-3 tap, men me tek med oss mykje positiv energi inn i serieopninga seier hovudtrenar Martin Natvig. Dei som var på NM kampen fekk sjå heile 5 debutantar, Amalie Ervik Røys, Marthe G. Stølen, Kaja J. Skrede, Alida H. Kilen og Andrine O. Endestad. Kom på kamp søndag så kan du sjå desse og resten av Sogndal FK Damer kjempe om årets første 3 poengar!

Raus kampsponsor

Mesta, som er årets første kampsponsor ønskjer at flest mogleg tek turen på Campus. Difor sørger dei for gratis inngang for alle. I tillegg spanderar dei kaffi på alle fram til kampstart.

Så møt opp i god tid og ta søndagskaffien saman med oss og støtt damene i årets første seriekamp.

Vel møtt!

PS: For dei som allereie er reist på påskefjellet er det mogleg å følge Kent Fimreite og Hallo Sogn sitt fotballstudio på kampdag.

Vil du ha tv bileter må du teikne abonnement på MyGame/Tv2 Play

Sebastian Kaldestad