Poengdeling i serieopninga
Sogndal FK Damer-Medkila 2-2 (1-0)
2.divisjon avdeling 2
Fosshaugane Campus
Mål:
1-0 Amalie Røys (13.)
1-1 Thea Andreasssen (66.)
1-2 Stine Klæboe-Solemdal
2-2 Julie Pettesen (87.str)
Laget: Marthe G. Stølen, Stine Fimreite, Mia Eriksen, Mia Bakke, Vårin Ness, Amalie Røys (77.), Alida Hestetun (77.), Andrea Henjesand, Vilde Mardal, Andrea Njøs(46.), Julie Pettersen
Innbyttarar: Maia Øen, Kaja Skrede (46.), Andrine Endestad (77.), Kristine Hovland (77.) Marte Hollevik, Ine L.Dale
Dommarar: Frank Heggestad(HD), Oda Bjelde (AD1), Synnøve Nilsen Øygarden (AD2)
Me skulle sjølvsagt hatt med oss 3 poeng frå serieopninga, men når ein summerer opp så er det kanskje fortent med poengdeling. Ei typisk serieopning, med mykje vilje og kanskje litt nervar seier hovudtrenar Martin Natvig. Det er bra vi greier å komme tilbake og sikre uavgjort i sluttminutta.
Heile 5 spelarar fekk debuten sin i 2.divisjon for oss i dag. Ei stor takk til dei omlag 300 frammøtte tilskodarane og til Saftkokardn, som laga god stemning gjennom heile kampen. Takk for kampen til Medkila og til dommarteamet.
Ein stor takk også til vår rause kampsponsor Mesta, som spanderte billetten på alle frammøtte
Neste kamp går på Nadderud 1.påskedag mot Stabæk 2.