Årskort 2025- Bli med på laget!

Sesongen 2025 vil by på mange og gode utfordringar. Nokon av laga me møter på Fosshaugane Campus er: KFUM, Grei, Medkila, og nyopprykka Sandefjord. Her finn du heile Terminlista.

Følg denne linken og registrer deg for å kjøpe ÅRSKORT 2025 Då støttar du laget og kan gle deg til mange fine opplevingar på Fosshaugane Campus med Sogndal FK Damer.

Første heimekamp er søndag 13. april kl. 13:00 mot Medkila. Då håpar me på god stemning og mykje liv på tribunen. Kjøp årskort og bli med på moroa! :)

NB: alle born under 16 år har gratis inngang til våre kampar. Det same gjeld om du er medlem i Saftkokardn og står med dei under kamp. Les meir om medlemsskap i Safkokardn.

Sebastian Kaldestad