Mari og Vilde klare for Sogndal FK Damer

Mari og Vilde gjer seg klare til trening. No har begge skrive kontrakt med Sogndal FK Damer

Mari Heggestad (15) og Vilde Tufte Mardal (14) er no formelt klare for Sogndal FK. Mari har trent med laget over lengre tid og er godt dus med nivået. Vilde kjem frå Syril, der ho har spelt både med gutar og jenter, og med sine kvalitetar er det nok eit viktig og rett steg å sikta mot 2. divisjonsspel etter kvart. Ho har alt debutert for Norge sitt J-14 landslag, og har mellom anna scora hatrick mot England.

  • Me er opptekne av lokale spelarar og er glade for å ha desse to på plass. Dei har hospitert med oss over tid, og det gjer overgangen lettare. Det blir kjekt å følgja utviklinga deira vidare, seier Sebastian Kaldestad i ein kommentar.

Me ønskjer begge lukke til med spel for laget vårt. Dei vil heilt sikkert markera seg positivt i lag med gode medspelarar. Med gode holdningar og treningsvilje har dei alle mulegheiter til å gjera det godt på fotballbana. Me takkar Syril IL og breiddeavdelinga i Sogndal Fotball for godt samarbeid i høve hospitering og i prosess med overgang!

Ta tida de treng, ver tolmodige - og Stao Pao. Lukke til!

Natalie, Vilde og Ella skal på talentleir i Sarpsborg neste veke.

Denne veka kom også meldinga om at me har tre jenter som skal på talentleir i Sarpsborg 25. til 28. januar. Ella og Natalie er i J-16 troppen, medan Vilde er i J-15. Me ønskjer dei lukke til i Sarpsborg!

Jon Navarsete