Lerum - ein viktig støttespelar

Her er spelarane saman med adm. direktør Trine Lerum. Trine har ei lang fortid både som spelar og leiar i fotballen.

Eit besøk på Lerum sine fabrikkar på Kaupanger høyrer sjølvsagt med for damelaget. Lerum er ein viktig sponsor og støttespelar for oss. Trine tok oss med på ei reise gjennom ei unik historie for bedrifta. Frå den spede starten på Sørheim i Luster i 1907. Trine med sin bakgrunn som spelar og leiar i fotball, brukar nettoopp det medvite overfor sine tilsette.

  • Me er eit lag, og likar å vinna. Me kjempar mot mange store der ute. Særleg Orkla-konsernet. Men med ein god strategi så klarar med å vinna likevel. Tenk på det de og. Våre mantra og verdiar er ekte, stolt, ærleg og engasjert. Som i fotball - me må gjera kvarandre gode, seier Trine. Lerum er så avgjort ei suksessbedrift!

  • Trine spelte fleire sesongar i Kaupanger, Sogndal, Trondheims-Ørn (med 2 NM-gull!) og i USA. Som leiar har ho lang fartstid i KIL, og ho var sentral i prosessen fram mot Sogndal FK Damer.

Eit artig poeng: Vidmar har jobba 49 år for Lerum! Det betyr at han starta i bedriften det året Trine vart fødd.

Det vart ei nyttig og god omvising på fabrikken. Eit imponerande anlegg som vart opna på Kaupanger i 1993. Produksjonen gjekk sin gang då me vandra rundt, og det er berre å gratulera Trine og Co med eit imponerande arbeid. Dei kan avgjort vera stolte over det dei får til.

Trine orienterer om arbeidet som blir gjort på fabrikken.

  • Fotball og næringsliv har fleire parallellar. De har verdiar som verkeleg tel. De jobbar som eit lag. No er det opp til oss å skapa vår historie. Å byggja på dei same verdiane. Takk for eit hyggeleg besøk. De er viktige for vår satsing, sa Torgeir som ei oppsummering.

  • Før Trine avslutta med denne til spelarane:

  • Ver takknemlege for alle som jobbar frivillig for at de skal få ein best muleg kvardag som spelarar, sa Trine.

  • Og det er spelarane heilt sikkert!

  • RAOE - RAUSE - STOLTE

  • Tusen takk for ei hyggeleg stund, Trine og Lerum.

Vidmar med syltetøy-spannet han gjorde klart for 49 år sidan.

Historien om Lerum er 117 år. Det spede starten var på Sørheim i 1907. Dagens anlegg på Kaupanger er topp moderne. Om nokre år er femte generasjon på veg inn i leiinga.

Jon Navarsete