"Norway´s best" ny sponsor

Reresentantar frå Norway´s best i Flåm i møte med Sebastian,Anna og Martin. Bent Cato Danielsen, Theres Kiboko og Arve Tokvam.

  • Me er glade for å kunna bidra litt for eit spennande damelag som Sogndal FK. Me er eit reiselivsselskap med base i Flåm, og for oss er det viktig å vera synlege også lokalt. Å vera ein del av ei satsing og utvikling som damelaget i Sogndal gjer, ser me på som eit godt tiltak og viktig å vera ein del av, seier driftsdirektør i Norway´s best, Bent Cato Danielsen. Som seier han er svært interessert i fotball.

  • Fotball femnar også om mange av våre tilsette. Mange er involvert i eit fotballlag, så for oss er det spennande å vera ein bidragsytar, og som me økonomisk kan utvikla meir etter kvart, fortel Danielsen.

Sebatstian fortel om det første møte med Norway´s best.

  • Me var så heldige å få ein opplevelsesrik dag i Flåm sist sommar i regi av Norway´s best. Ei flott oppleving! Det var starten på dette samarbeidet som no altså blir utvikla vidare. Me er svært nøgde me å få Norway´s best med på laget, seier Sebastian. Han seier det er viktig at det skjer ei utvikling også på sponsorsida.

  • Nye samarbeidspartnerar, ny satsing og ny sesong. Me må byggja heile klubben, og på sikt har me ei målsetjing om 1. divisjonsspel, tøff nok. Men nettopp slike gode støttespelarar er viktig å ha i ryggen, seier Sebastian.

  • Sogndal FK Damer vil gjerne vera meir enn berre ein fotballklubb. Eit ansikt utad er viktig, og me fyller ein viktig rolle i lokalmiljøet. No startar me sesongen med friskt mot, og det er ei god kjensle å ha gode samarbeidspartnerar med oss.

  • Med på møtet var også Anna som fortalde litt om hennar karriere så langt. Om hennar mål med fotballen, og ikkje minst, ein gløtt inn i ein travel kvardag på treningsfeltet. Både med Sogndal FK Damer og på toppidrettslinja ved Sogndal Vgs.

Jon Navarsete