Hattrick for Julie Slattum Pettersen og ny siger mot Raufoss!
Det enda med 4-2 i dagens treningskamp mot Raufoss etter ein litt rotete, men godt gjennomført kamp. Jentene står godt i det ut kampen og dreg i land sigeren etter hattrick av kaptein Julie Slattum Pettersen.
Det vart ein pangstart på kampen, då jentene tok leiinga allereie etter eitt minutt spelt. Julie Slattum Pettersen vart spelt inn bak forsvaret og kom til avslutning. Skotet vart redda, men på returen var Vilde Tufte Mardal på plass og satte inn 1-0! Ein skapte også gode målsjansar utover kampen, men det var ein jamn omgang i duellspelet. Raufoss utlikna til 1-1 etter 28 minutt, noko som også vart stillinga til pause.
I andreomgang var det tid for kapteinen vår til å skinne. Julie Slattum Pettersen scora fyrst 2-1 åleine igjennom etter 50 minutt spelt. Deretter utlikna Raufoss på nytt, og det stod 2-2 etter 65 minutt. Heldigvis var ikkje toppscoraren vår ferdig, og satte inn både 3-2 midtvegs i omgangen og 4-2 like før slutt. Ein skapte mange sjansar som ikkje vart utnytta, men sit igjen med 4 flotte scoringar!
Hovudtrenar Magne Elde og kaptein Julie Slattum Pettersen oppsumerer kampen:
No ventar årets fyrste offisielle kamp i cupen mot Førde på onsdag, og så kjem generalprøva før sesongen mot Fana neste helg. Det nærmar seg seriestart og me gler oss til å kjempe om poenga!