Velkommen, Maria Heggestad!

Maria Heggestad, f. 10. januar 2009, er klar for Sogndal FK Damer! Ho melder overgang frå Sogndal Fotball etter å ha vore ein del av treningsgruppa som hospitant gjennom vinteren!

- Det å signere for Sogndal FK Damer er eit mål eg har hatt lenge som endelig har gått i oppfyllelse!

Maria er ein angrepsspelar med mykje kraft og intensitet i spelet sitt. Med høg løpskraft og bra fysikk er ho ein god presspelar, og kan gjere ein god jobb både i det offensive og det defensive spelet. Maria byrja å hospitere med oss i fjor vinter, og var også med på treningsleir før 2025-sesongen. Diverre gjorde ein skade at mykje av sesongen vart på sidelinja, men det vart 9 kampar og 8 mål for eit ungt Sogndal damelag i 3. divisjon.

I vinter har Maria vore med som fast hospitant, både i treningskvardagen og i treningskampane. Her har ho vist seg fram på ein god måte, og levert gode prestasjonar. Hovudtrenar Magne Elde beskriv ho som energisk og fysisk angrepsspelar:

- Maria er ein energisk og aktiv angrepsspelar som heile tida er på jakt etter moglegheiter. Ho er vanskeleg å møte for forsvarsspelarane då ho er sterk fysisk og kompromisslaus i duellspelet. Gjennom vinteren har Maria jobba godt og vist ein stor vilje og lyst til å utvikle seg som spelar. Vi gler oss å utvikle Maria vidare og har tru på at ho kan ta store steg hjå oss, og bli ein god spiss i framtida.

Maria Heggestad i debuten mot Førde 31. januar 2026

Maria fekk den uoffisielle debuten sin for Sogndal FK Damer i treningskampen mot Førde i slutten av januar, og har fått innhopp i samtlege kampar til no i oppkøyringa. Ho har bidrege med kraft, fysikk og intensitet mot både 1. og 2. divisjonsmotstand, noko som lovar godt inn mot sesongstarten.

- Debuten var ein fantastisk opplevelse og noko eg kjem til å hugse lenge. Målsettingane mine for sesongen er å bidra med gode innhopp og forhåpentligvis nokre mål.

Me ønskjer Maria velkommen til Sogndal FK Damer som eit fullverdig medlem av spelartroppen, og gler oss til å sjå meir av ho i åra som kjem!

Martin Salbu