Treningskamp: Sogndal - Raufoss
Det er klart for ein ny treningskamp på Fosshaugane Campus, og no nærmar seriestarten seg med stormskritt! Allereie onsdag 25. mars spelar me årets fyrste offisielle kamp mot Førde i cupen, og i morgon ventar ein ny god test mot Raufoss!
Raufoss spelar i 2. divisjon, men blir ikkje motstandar i seriespelet, då dei er plassert i den andre avdelinga. Opprykket frå 3. divisjon sikra dei i fjor, då dei var suverene i si avdeling. Det er eit godt lag me møter, og me vil få teste oss mot eit fysisk sterkt lag der me verkeleg må vere påskrudde frå start. Raufoss serieopnar allereie neste helg, så dette blir deira generalprøve før alvoret tek til.
Jentene har hatt ei god treningsveke på Fosshaugadn, og i dag gjorde ein dei siste førebuingane i nydeleg sol og med perfekte forhold. Det er ein konkurransedyktig tropp som er klar for kamp i morgon, og med 3 kampar på dei neste 8 dagane vil det bli mykje speletid for samtlege spelarar.
Fotballdagen på Fosshaugadn byrjar allereie kl. 13:00 i morgon. Då tek Sogndal Fotball også i mot Raufoss til treningskamp. Etter den fyrste kampen følgjer jentene opp med ein ny kamp kl. 15:30, og så er det felles kick off som avsluttar kvelden. Frå kl. 18:00 blir det servering i Svingenbygget på Fosshaugadn, og ein kan sjå fram til ein fin kveld der me blant anna skal presentere årets spelartroppar og mykje anna morro!
Velkommen til ein flott dag på Fosshaugadn!