Cupbomba small på Fosshaugadn!

Ein skikkeleg lagsiger mot Toppseriemotstand! Foto: Martin Salbu

Me har slått Toppserielaget Hønefoss, og er vidare til 3. runde i cupen! Det enda 2-2 etter fulltid, men jentene dunka inn 3 mål i ekstraomgangane, og det enda 5-2 under flomlysa på Fosshaugadn! Me har detonert ei skikkeleg cupbombe!

Kampfakta kan ein lese her!

Jentene gjekk hardt ut frå start, og viste tidleg at dei var klare for kamp. Sjølv om Hønefoss hadde mest ball i byrjinga, skapte dei få store moglegheiter, og jentene var på hugget motsett veg! Fyrst gjorde ein det travelt for Hønefoss med godt press, og etter 17 minutt spelt kom det ei skikkeleg kanonkule frå Andrea Sælid Njøs! Corneren frå Anna Palm vart heada ut av feltet, og på éi berøring dunka Leikangerjenta ballen rett i krysset til 1-0! Målet gav endå meir energi, og utover omgangen var jentene rett og slett knallgode!

Like før pause kom den andre scoringa, og denne gongen var det Julie Slattum Pettersen som var på rett plass i feltet! Nathalie Høgi snurra rundt med Hønefoss-forsvaret og kom seg til innlegg frå høgre. Keeper boksa ut, men ballen enda i beina på vår toppscorar, som sjølvsagt satte ballen i mål! 2-0 til pause!

Nathalie Høgi med strålande forarbeid, og Julie Slattum Pettersen auka til 2-0 før pause! Foto: Martin Salbu

Hønefoss tok grep, og gjorde heile 3 byter til pause. Det førte til at dei kom meir og meir med i kampen, og hadde mykje ball i lange periodar av omgangen. Etter 63 minutt kom reduseringa frå bortelaget, og det stod 2-1 med nesten ein halvtime igjen å spele. Midtvegs i omgangen fekk jentene meir tak i ballen, og i periodar klarte ein å halde på ballen og å skape gode kontringar. Då var det ekstra surt at utlikninga kom i det siste ordinære minuttet av kampen! Det stod 2-2 etter fulltid, og det var klart for ekstraomgangar. Og for nokon ekstraomgangar det skulle bli!

7 minutt inn i fyrste ekstraomgang pressa Julie Slattum Pettersen fram ein stor feil hjå Hønefoss, kom åleine igjennom og løfta ballen elegant over keeper langt utanfor 16-meteren! Me var tilbake i leiinga, men det stoppa ikkje der! 4 minutt seinare small det igjen! Ballen vart klarert ut etter ein corner, og Luna Svedal Flo jaga opp i press. Keeper stod høgt i bana og fekk store problem, Luna snappa ballen og banka til. Frå eigen banehalvdel auka ho leiinga til 4-2 på ei heilt vanvittig scoring! Og me var endå ikkje ferdige!

Etter 105 minutt spelt var Luna Svedal Flo igjen i fyr og flammer! Ho herja til tider ute til venstre og satte avgårde på ei skikkeleg kontring. Eit flott veggspel med Ella Berge Hestetun sendte ho på løpsduell med forsvarsspelaren til Hønefoss. Med friske bein runda ho enkelt forbi og la inn mot Amalie Ervik Røys som var heilt åleine i feltet. På kontant vis hamra ho ballen i krysset til 5-2, og i løpet av 8 minutt i fyrste ekstraomgang var kampen avgjort!

Amalie Ervik Røys satte spikaren i kista med 5-2! Foto: Martin Salbu

For ein fantastisk kveld dette vart! Me er vidare til 3. runde av NM, som skal spelast i 2027. Tusen takk til alle som tok turen til Fosshaugadn i dag! No gjenstår det ein kamp av sesongen, og me tek i mot Fana til siste serierunde på søndag. Då skal me avslutte med stil, og levere ein god kamp før me går inn i ein lang periode utan kampar!

Martin Salbu