Vellukka cupfest med Sognekraft!

Det vart ein fantastisk kveld på Fosshaugadn på tysdag, og det var kjekt å sjå at så mange tok turen! Før kampen inviterte me til cupfest i samarbeid med Sognekraft, og det vart fullt hus og god stemning!

Fullt hus i storlosjen før kamp! Foto: Kari Johannessen Bakke

Toppserielaget Hønefoss kom på besøk, og Sogndal var klare for cupkamp under flomlysa på Fosshaugadn. Før kampen inviterte me til oppladning i storlosjen i samarbeid med vår trufaste partnar Sognekraft. Dei spanderte både kampbillett, pizza og flotte premiar til både quiz og kamplotteri! Me fekk også besøk av hovudtrenarane frå begge lag, Remi Natvik og Magne Elde, som mellom anna fortalte om inngangen til kampen og status i klubbane. Det vart også gjennomført fotballquiz og delt ut fotballkort til både små og store!

Ute på bana leverte jentene ein skikkeleg cupklassikar med dramatikk til siste slutt, ekstraomgangar, flotte scoringar og mykje bra spel mot toppseriemotstand. Stemninga stod i taket også på tribuna, og det vart ein heilt fantastisk kveld på Fosshaugadn, som me aldri vil gløyme. Tusen takk til alle som tok turen og heia jentene fram til siger og cupavansement!

Me er også særs takksame for samarbeidet med Sognekraft. Dei er ein samarbeidspartnar som legg til rette for aktivitet og opplevingar for barn og unge og er ei ekte drivkraft her i Sogn. At me saman kan samle folk på kamp for å skape engasjement rundt jentefotballen er viktig! Det skaper gode rammer og ein fin plattform for at laget kan prestere best mogleg, men viktigast av alt så bidrar det til at unge fotballjenter i regionen kan drøyme stort.

Det er ei god kjensle å vite at me har Sognekraft i ryggen, og kanskje var det nettopp rein Sognekraft som fekk Luna Svedal Flo til å score frå eigen banehalvdel!

Med ekte Sognekraft er alt mogleg! Foto: Martin Salbu

Martin Salbu