Påmelding og program til jentefotballseminar!
Velkommen til jentefotballseminar!
Sogndal FK Damer inviterer til jentefotballseminar, søndag 25. oktober!
For kven: Alle jenter frå 12 år og oppover, trenarar, leiarar og andre med interesse for utviklinga av jente- og damefotballen. Arrangementet er gratis, men krev påmelding.
Klikk her for å gå til påmeldinga!
Program
10.00–10.15 Velkomen
Kort velkomst til jentefotballdagen.
10.15–10.45 Trenarrolla for jenter – Guro Lilleengen
Om betydninga av jente- og dametrenarar, korleis me kan behalde jenter i fotballen, klubbtreningar og sosiale tiltak. Presentasjon av ny klubbhandbok for jenter. Deltakarane kan sende inn problemstillingar på førehand.
10.00–10.45 For spelarane: skadeførebygging med fysioterapeut
Praktisk økt med fysioterapeutane Birte Barsnes og Maria Erland, i samarbeid med Anine Brudeseth frå HVL.
10.45–11.00 Kaffipause
11.00–11.45 Søvn, ernæring og balanse – Heidi Holmlund
Gode råd om søvn, kosthald, restitusjon og balanse mellom fotball, skule og kvardag.
12.00–12.45 Mimmi – Drømmen
Mimmi Matilda Löfwenius Veum fortel om si eiga fotballreise, oppturar, utfordringar og kva som skal til for å satse og utvikle seg som fotballspelar.
12.45 Lunsj og opplading til kamp
13.00 Kamp: Sogndal FK – Fana
I pausen – Quiz
Fine premiar!
Jubileumskamp for Sogndal Fotball:
Kl. 15.00-16.45: Fanzone med aktivitetar, grilling, konkurransar og utstillingar
Kl. 15.30-16.00: Showkamp: Legendane mot partnarane
Gamle heltar og legendar tek imot våre trufaste partnarar til duell på FosshauganeKl. 17.00: Sogndal – Kongsvinger (OBOS-ligaen)
Alle deltakarar på seminaret får gratis billett til denne kampen
Lagspåmelding - Konkurranse
Laget som melder på flest spelarar vinn ein eigen «Draumedag med Sogndal FK Damer». Me trekkjer også ut ei av dei påmelde jentene som får ei ekstra merksemd.
Påmelding og spørsmål
Klikk her for å gå til påmeldinga!
Marianne Mellesdal - marianne@sogndalfk-damer.no
Tone Bakke – 03tone@gmail.com
Kari Johannessen Bakke – kajobakke@gmail.com
Påmeldingsfrist: 20. oktober