Til Sogndal frå Arna-Bjørnar, velkommen Oselie!

Oselie Henden, f. 2002, er klar for Sogndal FK Damer. Midtstopparen frå Eid kjem frå spel i Arna-Bjørnar og er klar til kamp for oss i helga. I tida som student i Bergen har ho også spelt for Fyllingsdalen.

Eg ser fram mot å spele for Sogndal FK denne hausten. Dette er ein spennande klubb å bli ein del av. For ei jente fra Eid, så kjennest det ekstra rett å vere med og bidra til eit satsande lag frå eige fylke, og eg ser verkeleg fram til å bli ein del av eit ambisiøst og spennande prosjekt - OH

Velkommen til oss!

Me takkar Arna-Bjørnar og Erik Mjelde for god dialog rundt overgangen.

Frå treningskampen mot Brann 2

Sebastian Kaldestad