Eli Sofie Seim Skjølberg er klar for spel!

Eli Sofie Seim Skjølberg klar for Sogndal FK

Gravejournalist Kent Fimreite meldte det allereie i førre veke, og www.haugenfotball.no var ikkje langt etter. No er alt det formelle i orden og me kan ønskje Eli Sofie, f.2005, hjarteleg velkommen til Sogndal FK Damer.

 

Eli Sofie kjem frå spel i Måløy FK der ho har vert toppscorar dei siste åra frå sin midtbaneposisjon. Ho har sidan januar hospitert med oss og var med på vinterens treningsleir. No vil ho satse vidare på fotballen her i Sogndal. Det er me glade for!


Me takkar Måløy FK for god tilrettelegging og velvilje i prosessen.

Velkommen til oss, Eli Sofie!  

Sebastian Kaldestad