Tap mot Grei - no tek me Kongsvinger heima!

Gratulerer til Mari og Vilde som debuterte i kampen mot Grei. To jenter me vil få mykje glede av i åra som kjem.

Det vart diverre tap 0-2 i serieopninga mot Grei. Me stod godt i mot lenge, og hadde to-tre gode mulegheiter til å scora. Men eit straffespark endra situasjonen, og etter at oslolaget tok leiinga, var dei best og scora endå eit mål før dommaren bles av kampen.

  • Eg tykte me gjorde ein bra kamp mot eit sterkt og rutinert Grei. Laginnsatsen er det ingen ting å sei på. Så no skal me førebu oss godt til kampen mot Kongsvinger. Det blir viktig å slå tilbake, og til den første heimekampen håpar me mange finn vegen til Fosshaugane Campus for å støtta oss, seier trenar Martin. For Julie vart det diverre eit kort opphald på bana då ho måtte ut med skade. Me håpar ho snart er klar til ny innsats.

  • Og gratulerer til Mari og Vilde som fekk sin debut i kampen mot Grei.

Mia gjer seg klar til EM-sluttspel for Norge J-17 om to veker. Det blir ei flott oppleving etter den lange skadeperioden i vinter. Her frå cupkampen mot Arna-Bjørnar i fjor sommar.

Så ei gladmelding til Mia og heile laget. Ho er i full gang att etter skadeperioden. No er Mia utteken og klar for EM med Norge sitt J-17 landslag. Så fortent etter ein lang periode med tolmodig trening. 5. mai møter laget England, før Frankrike er motstandar 8. mai. Sverige står klar 11. mai.

Lukke til Mia. Dette blir moro!

Jon Navarsete