Me slo tilbake. 4-2 mot Kongsvinger smakte godt

Tre blide jenter etter dagens 4-2 triumf. Den smakte godt. Mia, Vilde og Andrea (2) stod for måla.

Det vart fire mål og tre poeng då me sende KIL-damene heim att med 2-4 i sekken. Ein herleg siger og ein god tre-poengar å ta med seg. Litt sjølvtillit og god energi er bra å ta med seg inn i ei ny treningsveke. Til helga ventar Vålerenga 2 på Intility, så då må me vera budde på nye krafttak.

I dag var det aldri tvil om at me var det beste laget. Det tok litt tid før det første målet kom, og sjølv om me ga Kongssvinger ein straffe, sat me med følelsen av at dette har me kontroll på!

Vilde og Andrea (2) sikra sigeren med nye mål i andre omgang. Trenar Martin var nøgd med prestasjonen, men veit nok at laget har meir inne. Det er alltid godt å få på plass den første sigeren. No går me på med friskt mot, og nye poeng og scoringar i tida som kjem!

Robert var tilbake på Fosshaugane i dag, som ekspertkommentator saman med Kent i Hallo Sogn. Her er det tid for ein godprat og oppsummering i lag med Marte og Kristine etter kampen. I bakgrunnen er Bakke junior, Fredrik i gang med drible-/fintetrening.


Jon Navarsete