Speleplanen for 2026 er klar!

Avdelingsoppsettet for 2. divisjon kvinner vart klart på slutten av fjoråret, og no er også speleplanen for 2026 klar! Dei endelege datoane er framleis ikkje fastsett, og klubbane går no i dialog for å sette den endelege terminlista.

Laga i 2. divisjon avdeling 1 er:

  • Sogndal

  • KIL/Hemne

  • Rosenborg 2

  • Tiller

  • AaFK Fortuna 2

  • Sarpsborg 08

  • Malvik

  • Brann 2

  • Amazon Grimstad

  • Fana

  • Sandefjord

  • KFUM

I serieopninga er det bortekamp mot Brann 2 som ventar. Kampen vil bli spelt den andre helga i april (11.-12.), og me gler oss til å sparke i gang sesongen med eit skikkeleg vestlandsoppgjer. Den fyrste heimekampen kjem i runde 2 (18.-19.), og det er KIL/Hemne som kjem på besøk til Fosshaugadn. Laget frå Trøndelag rykka ned frå 1. divisjon i fjor og vil truleg vere ein god referanse på nivået i toppen. Det gjeld også KFUM som me møter på heimebane i runde 3 (25.-26.). April vil difor bli ein spennande månad med tøff motstand og gode svar på korleis ein står samanlikna med forventa topplag.

Sjå heile speleplanen her!

Me gler oss til å kome i gang med sesongen, men i mellomtida skal det leggast eit godt grunnlag i sesongoppkøyringa. Den fyrste treninga er allereie i morgon, onsdag, og fyrste treningskamp går mot Førde laurdag 31. januar. Me håpar å sjå dykk i Sognahallen!

Velkommen til årets fyrste trening!

Martin Salbu