Desse utgjer støtteapparatet i 2026!

Sesongoppkøyringa er godt i gang, og me er endeleg i gang med 2026! Rundt laget har me ein fantastisk gjeng som legg ned ein enorm innsats gjennom heile året. I år har me fått inn nye ressursar, og er samtidig glade for at det er mykje kontinuitet i resten av apparatet!

Slik blir trenarteamet:

  • Hovudtrenar: Magne Elde

  • Assistenttrenar: Jan Tore Slinde

  • Assistenttrenar: Marianne Mellesdal

  • Keepertrenar: Vidmar Hjellhaug

  • Spelarutviklar: Anna Palm

  • Fysioterapeut: Marte Johannessen Nord

  • Lagleiar: Roger Hjellhaug

Hovudtrenar Magne Elde er ny i teamet og har ein imponerande CV innanfor fotballen. Dei siste 20 åra har han hatt ulike roller innanfor fotballen, og seinast jobba han som utviklingsleiar i OBOS-ligaklubben Hødd. Magne har blant anna vore hovudtrenar for AaFK Fortuna i to periodar i 1. og 2. divisjon, og veit mykje om kva som krevst på dette nivået. Han har også vore involvert i fotballkretsen, og har difor god kontroll på jente- og damefotballen i fylket. Me har god tru på Magne og gler oss til å bli betre kjend med han!

Assistenttrenarane Jan Tore Slinde og Marianne Mellesdal var begge ein del av teamet også i fjor. Jan Tore vart ein del av klubben i oppstarten i 2022, då ein gjekk frå å vere Kaupanger til Sogndal FK Damer. Han har både vore involvert som trenar i akademiet, og som ein del av trenarteamet gjennom fleire år. Marianne kom også inn i oppstarten og har vore med i støtteapparatet heile vegen. Nyleg fullførte ho masterstudiet sitt ved HVL, tema: Fotball og kjønn. Tittel: «Trener først - så kvinne?» Me er glade for at både Jan Tore og Marianne bidreg med verdifull kontinuitet og kompetanse i trenarteamet også i 2026!

Vidmar Hjellhaug er vår trufaste keepertrenar, som også har vore med i mange år. Han har lang erfaring som keepertrenar på Kaupanger og var med på overgangen til Sogndal FK Damer i 2022. Keepergruppa får køyrd seg hardt med Vidmar som sjef, og ein set standarden høgt for å utvikle seg og ta nye steg. Roger Hjellhaug er vår lagleiar og alt-mogleg-mann eller “potet” som han også blir kalla. Han vart ein del av Kaupanger tilbake i 2017, og har vore med på heile reisa fram til i dag. Alt det praktiske rundt laget er i trygge hender med Roger, og det blir gjort ein stor jobb for at alt skal vere på stell. Me er glade for at to blad Hjellhaug bidreg til kontinuitet inn i ein ny sesong!

Spelarutviklar Anna Palm er eit nytt tilskot til trenarteamet, og skal samtidig vere ein del av spelartroppen. Med enorm erfaring som toppspelar i Lyn vil ho tilføre spelartroppen både erfaring, kvalitet og gode referansar. I trenarteamet vil ho bidra med sin kunnskap frå 10 år på det øvste nivået i Norge, og gi innsikt i kva som krevst for å hevde seg mot dei beste. Me er veldig glade for at Anna har kome til Sogndal, og gler oss til å sjå ho både på og utanfor bana i 2026. Marte Johannessen Nord vart ein del av teamet før haustsesongen i fjor og bidreg til å følgje opp spelarane på det fysiske. Å halde seg skadefri er viktig, og tett og god oppfølgjing frå Marte bidreg til å gjere klubben endå betre rusta for å kunne ta nye steg. At Marte er med i teamet er me veldig glade for, og me er heldige som har ein slik ressurs på vårt lag!

I tillegg til desse er me heldige å ha mange fantastiske ressurspersonar som legg ned ein viktig innsats for klubben! Me gler oss til sesongstart, og har stor tru på at både trenarteamet og spelargruppa vil få ein god sesong!

Martin Salbu