Nedtur mot Sandefjord
Sandefjord Fotball-Sogndal FK Damer 5-1 (2-0)
2.divisjon avdeling 2
Mål:
1-0 Malin Flatø Nilsen
2-0 Frida Tangerud Olafsen
3-0 Frida Tangerud Olafsen
4-0 Frida Tangerud Olafsen
4-1 Andrea Sælid Njøs
5-1 Filippa Hogsnes Ogann
Laget: Marthe G. Stølen, Ine L. Dale, Marte Hollevik, Mia Bakke, Ella Hestetun, Vårin Ness(83.), Amalie Røys (64.), Andrea Henjesand(71.), Vilde Mardal(83.), Marte Aaberge(46.), Julie Pettersen
Innbyttarar: Kaja Skrede (83.), Mari H. Heggestad(83.), Andrea Njøs (46.), Alida Kilen (71.), Stine G. Fimreite (64.)
Dommarar: Jonathan Frostmann Walle (AD) Donya Kuhi (HD) og Nina Sidi Hatten Winther (AD)
Dei 300 frammøtte tilskodarane fekk sjå ein målrik kamp på Jotun Arena. Dessverre for oss er det Sandefjord som står for scoringane, med unntak av Andra Njøs si redusering i 2.omgang. Me takkar Sandefjord for kampen og vil berømme dei for eit flott kampdagsarrangement.
Hovudtrenar Martin Natvig seier dette etter kampen:
Vi er veldig skuffa over resultatet, men aller mest på prestasjonen. Vi kjem tidleg under og Sandefjord får kampen inn i sitt spor. Dei er veldig gode på omstillingsspel, og med ei veldig rask frontrekke straffa dei oss nådelaust på dette. Vi rister denne kampen av av oss, lærer, justerer og jobber knallhardt inn mot neste kamp som er Grei heime komande søndag.
Me takkar våre trufaste reisande supporterar for at dei tok turen til Sandefjord, samt dommarteamet og motstandarlaget.
Møt opp og støtt jentene på søndag klokka 13:00, då kjem Grei på besøk!
Laget mot Sandefjord i nye drakter.