Det ville seg ikkje mot Grei
Sogndal FK Damer-Grei 1-2 (0-2)
2.divisjon avdeling 2
Fosshaugane Campus
Mål:
0-1 Julie Solskjær (27.)
0-2 Julie Solskjær (str. 41.)
1-2 Amalie E. Røys (70.)
Laget: Marthe G. Stølen, Ine L. Dale (82.), Mia S. Eriksen, Mia J. Bakke, Marte S. Aaberge (60.), Vårin E. Ness, Amalie E. Røys, Andrea Henjesand (89.), Vilde T. Mardal, Andrea S. Njøs, Julie S. Pettersen
Innbyttarar: Maia L. Øen, Kaja J. Skrede, Mari H. Heggestad (89.), Ella B. Hestetun (60.) Marte Hollevik, Andrine O. Endestad (82.), Stine G. Fimreite.
Dommarar: Adrian Basniak (HD), Hasan Khaled Qabalan (AD1), Theo Opem-Moen (AD2)
Me taper diverre vår andre kamp på ei veke. Denne gongen mot Grei på heimebane. Det er frustrerande at me ikkje tek poeng, spesielt med tanke på avslutninga av kampen. Me jobbar på vidare og har trua på at me skal snu det i neste kamp.
Hovudtrenar Martin Natvig seier:
Vi har bra trøkk og momentum dei første 20 minuttane, der vi skaper ein god del sjanser. Banespelet er positivt til tider, men når vi ikkje set sjansane våre og slepp inn litt for enkle mål, så vert det vanskelig å vinne fotballkampar. Det er heilt klart positiv utvikling frå forrige kamp, noko vi skal bygge vidare på inn mot KFUM kampen 25.mai.
Me takkar alle frammøtte tilskodarar, dommarar og bortelag for kampen.
Neste kamp er 25.mai kl 13:00 på Ekeberg mot KFUM. Er du i Oslo då, så møt opp og støtt laget!