Jentefotballseminar med over 170 deltakarar!

Over 170 deltakarar deltok på jentefotballseminaret i helga! Foto: Martin Salbu

I helga arrangerte me jentefotballseminar i Sogndal, og over 170 deltakarar fekk ein kjekk og lærerik dag på Fosshaugadn. Spennande føredrag, ei praktisk skadeførebyggande økt og siste seriekamp i 2. divisjon var noko av innhaldet i løpet av dagen.

Dagen byrja med eit todelt program der alle spelarane som var påmeldt var med på ei treningsøkt, medan trenarar og leiarar fekk høyre på eit føredrag med Guro Lilleengen. Føredraget handla om trenarrolla for jenter og innehaldt eit breitt spekter med fokus på å halde jentene i fotballen. Treningsøkta var det fysioterapeutane Birte Barsnes og Maria Erland, i samarbeid med Anine Brudeseth frå HVL som gjennomførte. Tema var skadeførebygging, og jentene fekk gode tips til øvingar og korleis ein bør trene for å halde seg skadefri.

I andre del av dagen fekk me besøk av Heidi Holmlund, som fortalde om søvn, ernæring og balanse. Heidi har lang erfaring som klinisk ernæringsfysiolog, og har jobba med idrettsutøvarar på det aller høgste nivået, innan både fotball og andre idrettar. For unge jenter som trenar mykje, er det ekstra viktig å fylle på med energi. Nok mat, og riktig mat er avgjerande for at ein kan byggje seg sterkare, og dermed bli ein betre fotballspelar. Det er også viktig å ha ein god balanse utanfor bana for å kunne prestere betre i trening og i kamp. Jentene fekk mykje god og viktig kunnskap, som me håpar jentene tek med seg i kvardagen!

I del 3 av programmet var det tidlegare fotballspelar Mimmi Löfwenius Veum som fortalde om si eiga fotballreise med oppturar, utfordringar og kva som skal til for å satse og utvikle seg som fotballspelar. Gjennom ei innhaldsrik fotballkarriere har ho fått oppleve mykje og kjent på store oppturar og nedturar. Tilbake i 2023 fekk ho ei alvorleg skade, som også gjorde at ho måtte legge opp som fotballspelar. Hennar erfaringar og historiar var veldig spennande, og me håpar det gir inspirasjon og motivasjon for jentene som høyrde på!

Dagen vart avslutta med serieavslutninga mot Fana, og det vart eit perfekt punktum på sesongen. 2-1-siger og god stemning på stadion var også ei flott avslutning på ein kjekk dag! Det var utruleg moro å sjå at så mange deltok, og me håpar det vart eit lærerikt og kjekt seminar for alle deltakarar! Tusen takk til Guro Lilleengen, Birte Barsnes, Maria Erland, Anine Brudeseth, Heidi Holmlund, Mimmi Löfwenius Veum og alle som bidrog til ein fantastisk dag! Ekstra kjekt var det også at jublieumskampen til Sogndal Fotball enda med ein imponerande siger og eit verdig jubileum!

Martin Salbu