3 poeng i serieavslutninga!
Julie Slattum Pettersen vart matchvinnar mot Fana! Foto: Martin Salbu
Jentene leverte i årets siste kamp, og snudde til siger mot Fana! Bortelaget tok leiinga, men scoringar frå Amalie Ervik Røys og Julie Slattum Pettersen gjorde at me avslutta årets sesong med 3 poeng!
Det var to lag som ikkje hadde noko anna å spele for enn dei 3 poenga i dagens kamp. Fana hadde sikra plassen, medan me akkurat ikkje kunne nå opprykkskvaliken. Det var allikevel viktig for oss å avslutte sesongen på ein god måte, og jentene kom ut med mykje energi frå start! Det førte til nokre gode målsjansar, men ingen utteljing. Istaden var det bortelaget som tok leiinga etter 20 minutt spelt.
Like før pause kom endeleg utlikninga, og det var frå eit flott angrep på høgresida. Mari Hov Heggestad fekk spelt fri Nathalie Høgi i mellomrommet. Ho drog seg forbi forsvararen sin, og slo ein perfekt gjennombrotspasning inn mot Amalie Ervik Røys. Frå hjørnet av 5-meteren løfta ho ballen over keeper og i mål til 1-1! Det var også stillinga til pause.
Amalie Ervik Røys utlikna til 1-1 like før pause! Foto: Martin Salbu
I andreomgang var det framleis jentene som tok føringa i kampen, og med 15 minutt igjen å spele kom den avgjerande scoringa. Anna Palm vann ballen etter eit utspark frå Fana sin keeper. Ballen vart heada direkte i bakrom, der Julie Slattum Pettersen trivst aller best. Åleine med keeper gjorde ho ingen feil, og scora mål nr. 21 for sesongen! 18 av desse har kome i 2. divisjon, medan ho også har 3 scoringar i cupen! Kampen enda 2-1, og jentene avslutta med 3 poeng i årets siste kamp!
Hovudtrenar Magne Elde oppsummerar kampen og sesongen slik:
Etter at sesongen er ferdigspelt enda me altså på 3. plass på tabellen. Det var berre eit fattig poeng opp til kvalifiseringsplassen, men me kjempa i toppen frå start til slutt! Det er det grunn til å vere stolt av! No blir det ei veke fri for jentene, før ein held fram med trening utover hausten. Så blir det ein vel fortent juleferie, og full gass frå januar!
Tusen takk til alle som har støtta oss gjennom sesongen! Me set stor pris på kvar og ein av dykk!