Fotballdag for jenter i Sognahallen!
I går arrangerte me Fotballdag for jenter i Sognahallen! Rundt 80 ivrige jenter frå 7-11 år var med, og det vart ein fantastisk kjekk ettermiddag for både små og store!
Gjennom året har me vore på jamnlege besøk til klubbane rundt oss, og arrangert Fotballdag for jenter. Me har besøkt klubbane Kaupanger, Jølster, Måløy, Lærdal, Vik, Sandane, Syril, Høyang og Hafslo, og for å avslutte året på ein god måte var det no tid for Fotballdag for jenter på heimebane!
80 jenter klare for fotball, leik og moro! Foto: Martin Salbu
Jentene vart delt inn i grupper og fekk prøve seg på stasjonar med ulike øvingar. Her var det alt frå leikar med ball til teknikktrening og spel. Det var god innsats og mykje aktivitet gjennom heile økta, og til slutt avslutta me med ein kamp mellom dei 80 deltakarane og 12 av våre spelarar! Korleis det gjekk kan ein sjå i videoen lenger ned i saka! Det vart også tid til utdeling av fotballkort, autografar og selfiar på slutten av økta! Under er eit lite biletgalleri frå kvelden:
Her kan du sjå kampen mellom Sogndal J7-11 og Sogndal FK Damer:
Det enda med eit surt tap i siste sekund i årets siste og viktigaste kamp! Heimelaget la ned ein fantastisk innsats, og i periodar kjendest det ut som at dei var minst 100 stk på bana. Heilt på slutten av kampen utnytta dei eit stort overtal i feltet, og scora 1-0 på lekkert vis! Me tek lærdom frå tapet, og skal jobbe knallhardt gjennom vinteren. Analysen viser også at me spesielt må jobbe med markeringa i eigen boks!
Tusen takk for ein fantastisk kjekk kveld og gratulerer med sigeren jenter!