Bedriftsbesøk i Gaupne!

I går var me på bedriftsbesøk i Gaupne til Statkraft, Avery Dennison NTP, Pyramiden og Lustrabadet! Her fekk me lære meir om partnarane våre, omvisning i deira lokale, god mat og dagen vart avslutta med bading!

Det fyrste besøket gjekk til Statkraft, og deira flotte lokaler i Gaupne. Me vart tatt godt imot av Bente Helene Skildheim Nes, som fortalde oss kva Statkraft jobba med, både lokalt og internasjonalt. Her fekk jentene læra mykje nytt, og etter presentasjonen var det klart for ein Kahoot for å avgjere kven som hadde fulgt best med! Marknadsansvarleg Ole Petter Heggestad stakk av med sigeren, men Marte Senneset Aaberge og Anna Palm var også godt nøgde med pallplass! Dette var moro!

Etter besøket hjå Statkraft gjekk turen over vegen til Avery Dennison NTP. Her vart me møtt av Malin Skinlo Fuglesteg, som fortalde om NTP og kva dei leverer. Dei leverer blant anna trykk til drakter for alle dei største klubbane i både Premier League og La Liga. Det er også på fabrikken i Gaupne at alt av trykk til Norge sine landslagsdrakter blir laga, og i høgsesong går produksjonen døgnet rundt! Berre tenk kor mange landslagsdrakter som vart seld i samband med fotball-VM i sommar! Det vart også tid til ein omvisning inne i produksjonslokala, og jentene fekk sjå kvar draktnummer og merker blir produsert.

Siste del av besøksrunden var på Pyramiden kjøpesenter og Lustrabadet. Her venta Bjørn sitt J10 lag, som hadde tatt turen for å møte oss! Det synst me er skikkeleg kjekt, og då vart det både selfie, autografar og litt utdeling av fotballkort. Senterleiar på Pyramiden, Terje Teigen, spanderte nydeleg gryterett til middag. Han fortalde også om korleis dei jobbar for å utvikle tilbodet i Gaupne for å utfylle Sogndal, og å styrke regionen. Det gjeld også støtta til Sogndal FK Damer som bidreg til at unge jenter frå Gaupne kan følgje draumen sin om å spele fotball i Sogndal! Etter middag var det tid for bading i Lustrabadet, og jentene avrunda ein kjekk dag med leik og moro! Tusen takk til Statkraft, Avery Dennison NTP, Pyramiden, Lustrabadet og Bjørn J10 for ein flott ettermiddag i Gaupne!

Martin Salbu