SognenettAkademiet

Sogndal Fotballklubb Damer har ein ambisjon om å legge endå betre til rette for fotballjenter i Sogn som ønskjer å satse, dette i nært samarbeid med naboklubbar og vår samarbeidspartnar Sognenett.

Akademiet er tenkt som eit supplement til treningskvardagen som jentene har i sine respektive klubbar. Målet er å gje eit løft for talentutviklinga av ivrige fotballjenter, samt å styrke klubbmiljøa i regionen og sikre god ettervekst av spelarar som kan ta steget inn i toppfotballen.

Hovudmålgruppa er jenter 14 år, med innslag av nokre 13 åringar, som vil ha regelmessige treningar utanfor sesong.

Akademiet vil også gjennomføre nokre helgetiltak for J15 i løpet av året.

Uttak til dei ulike gruppene blir gjort av sportsleg apparat i Sogndal Fotballklubb Damer i dialog med NFF Sogn og Fjordane. For J14 vil det primært vere spelarar frå nærområdet, medan på J15 har ein heile Sogn og Fjordane som utvalskrets.

 Det er i uttaka lagt vekt på at spelaren:

  1. er krets- eller sonelagsspelar i sitt årskull

  2. ønskjer fleire fotballtreningar på aldersjamnbyrdig nivå

  3. er treningsivrig og har gode haldningar

  4. er nysgjerrig og har lyst til å utvikla seg på kvar trening

 
 
 

Hovudpartnar Akademiet:

Aktuelt:

Uttak og aktivitetsplanar senast klubb og kontaktpersonar

Spelarar haldast oppdaterte på aktivitetsplan i Spond