Velkomen heim Vårin

Vårin (29) er klar for Sogndal FK Damer

Etter ein del år ute i den store verda kjem Vårin heim og skal vere med å bidra på fotballbana for oss no i haust. Vårin har tidlegare spelt for Kaupanger i 1. og 2.divisjon, spelt college fotball i USA for Carson-Newman Eagles og Florida Gulf Coast Eagles, Empoli i serie B og A i Italia før turen gjekk heim til Norge der ho signerte for Røa hausten 2020. Ho har i vårsesongen vert i ØHIL der ho har jobba godt for å bli skadefri etter ein ankelskade.

Me er veldig glade for å få Vårin heim att. Ho har vore med på nokre treningar no i sumar og er endleg klar for trening og spel etter kampen mot Arendal komande søndag. Ho er ein spelar med god løpskapasitet og gode basisferdigheiter, og med si erfaring og mentalitet, kjem ho til å tilføre oss mykje seier Sebastian Kaldestad i ein kommentar til signeringa.

Følg med på SoMe i neste veke for spelarpresentasjon.

Velkomen heim!

Sebastian Kaldestad