Spelarfest med stil - og prisutdeling
Fortent heider til Anna, årets spelar og toppscorar, Ella årets utviklingspris, Marte spelarane sin heiderspris og Julie årets spelar hjå Saftkokaradn.
Sesonger 2024 er over, og då er det sjølvsagt tid for spelarfest og feiring av ein sesong med ein solid tredjeplass i 2. divisjon.
De er unge, fulle av energi og pågangsmot. Dette smittar på alle rundt dykk. Også utanfor bana lever de til strålande, sa leiar Tone i sin tale.
Men de skal vita at det står eit stort apparat bak. Trenarar, leiarar, eit velfungerande styre og mange andre støttespelarar. som stiller opp! Inkudert Saftkokaradn. Saman blir dette eit svært godt resultat.
Prisutdeling er ein viktig del av ein slik fest. Anna, Ella, Marte og Julie fekk sine velfortente utmerkingar. Men som alltid, LAGET er viktigast. Det har me bevist også denne sesongen. Verdiane våre står klippefast: Rause - Raoe - Stolte.
Det er all grunn til å vera nøgd med sesongen. Prestasjonen er svært god, laget har utvikla seg mykje. Trenar Martin fekk fortent hyllest, og saman med Sebastian utgjer dei to ein sterk og velfungerande duo. Kvar dag jobbar dei for å leggja til rette, slik at Sogndal FK skal ta nye steg på utviklingsstigen!
Martin har fått plass som deltakar på komande UEFA A-lisenskurs. Det heng høgt, og vil tilføra laget vårt mykje. Gratulerer til Martin. Fortent!
Her er dei som har passert 50 offisielle kampar for Sogndal FK. Thea, Maia, Marte, Kristine, Andrea og Anna. Også Marte Hovland har passert 50 kampar. Ho førebur seg til nordisk meisterskap i terrengløp søndag.
Evalueringa av årets sesong er i full gang. Mykje fungerer godt, men me er alltid på jakt etter forbetringar. Utvikling er eit viktig stikkord. Me nådde årets mål, tredjeplassen. No kan me titulera oss som Bronselaget.
Det er berre å gleda seg til 2025 og nye mulegheiter. Nye dullar, nye utfordringar. Takk for innsatsen til alle!