Knallsterk 1-0 siger mot Vålerenga
Lagkaptein Kristine viser kva årets Sogndal FK er laga av. Innsats og vinnarvilje ligg bak sigeren mot Vålerenga 2 på Intility.
Etter nokre seige kampar der poenga har gått tapt i sluttsekundane, var det befriande å gå av bana på Intility med tre poeng i kofferten. Bak denne sigeren ligg det ein enorm vilje og laginnsats.
Her jublar jentene etter strålande innsats mot Vålerenga.
Eg blir rørt og stolt av å oppleva dette. Me scorar eit fantastisk mål etter ABC-oppskrift, der Vårinn igjen er på rett plass og set ballen i må. Diverre for ho og laget måtte ho gje seg med ein strekkskade. Silje kjem inn og gjer ein kjempejobb i lag med gjengen. Dette er berre heilt enormt, sier ein opprørt og glad trenar Robert.
Han kan godt leggja til at Sogndal FK truleg er det yngste laget i årets 2. divisjon. Og skadesituasjonen no viser at me har fullgode erstattarar. LAGET presterer kjempegodt!
No ventar trondheimslaget Tiller til helga. Eit fysisk lag med bra fart i fremste rekkje, og som har gjort det godt denne sesongen.
Men dei skal få kamp når dei entrar Fosshaugane. Vår arena!
Nydeleg med tre poeng i Oslo. Me er klare for nye krafttak når Tiller kjem på besøk. Marte er også klar for ei ny utfordring når hos tiller i NM terrengløp i Frognerparken i dag. Stao Pao, Marte!
Marte imponerte i Frognerparken og sprang inn til ein sterk 6. lass U-20 på NM 4 km, og 4. plass i juniorklassen. Førr ei dame!