Jentene i fokus - vellukka helgesamling

Kring 60 deltakarar var i helga samla til seminar med jente- og damefotball i fokus. Tilbakemeldingane er udelt positive frå deltakarane, som representerte mange av klubbane i fylket. Neste år vil me ha endå fleire klubbar med!

Tema varierte frå organisering i klubben, der spesielt Kvernbit, Anette Livden og Karianne Hiis Bergh kom med mange gode innspel for å auka aktiviteten i klubb på jentesida. Også å rekruttera kvinneleg trenarar har dei jobba bevisst med. Stor takk til deira bidrag i helga. Bruk av sosiale media der Kari J. Bakke viste korleis Sogndal FK er aktive her, “Lagløftet - Jenter vil meir” - Sparebanken Vest sitt prosjekt, korleis få jenter til å halda fram med fotballen lenger - Vårinn Ness og Silje Torvanger med nyttige innspel her, skadeførebyggjing der Siri Nesheim hadde mange og gode tips til korleis dette kan gjerast betre, gruppearbeid om jobben i eigen klubb - korleis koma vidare, ta eitt steg fram, Rasmus Mo om motivasjon, glede og samhold og Saftkokaradn fortalde om sitt engasjement for damefotballen.

  • Dette har vore ei svært gjevande helg. Masse inspirasjon og tips å ta med seg heim, var Odd Magne Øren frå Eikefjord sin kommentar til helga. Fem jenter frå Lærdal, Vik og Syril stråla og var svært nøgde med opphaldet for akademilaga til Sogndal og Førde under samlinga.

Glade fotballjenter frå Vik, Lærdal og Syril etter trening og samling på Fosshaugane Campus.

Tone Bakke frå fotballstyret seier dei er godt nøgde med helga.

  • Mange og gode tilbakemeldingar er kjekt. Ei slik samling er svært viktig for å setja fokus på jente- og damefotball. Så dette må me berre halda fram med, er Tone sin kommentar.

  • Vel blåst til alle som har bidrege, også sponsorane våre.. Stor frivillig innsats gjer at me kan gjennomføra ei slik samling.

Nokre av deltakarane samla til forelesing.

Akademi Sogndal J-13-14 klare til kamp mot Førde

Akademi Førde J-13-14 gjer seg klare.

Khava, Torgeir, Tone og Ole Petter konstaterer at det var ei gjevande og god fotballhelg. Mange har gjort ein stor og viktig innsats for å få det til. Takk - og vel blåst!

Jon Navarsete