Ein super laurdag på Fosshaugane vart krona med 3 poeng
Sogndal FK Damer-Bjørnevatn 2-0 (0-0)
Sigersselfie saman med ballhentarar frå Høyanger
Fosshaugane Campus 14.06.25
Mål:
1-0 Julie S.Pettersen (46.)
2-0 Andrea S. Njøs (90.)
Laget: Marthe Gjerde Stølen, Ine Langen Dale (81.), Marte Hollevik, Marte Senneset Aaberge, Ella Berge Hestetun, Vårin Laila Eriksen Ness, Andrea Henjesand(60.), Anna Grindhaug (K), Amalie Anny Ervik Røys(60.), Julie Slattum Pettersen(87.), Andrea Sælid Njøs
Innbyttarar: Maia Lindesteg Øen, Andrine Olsen Endestad(87.), Alida Hestetun Kilen(60.), Stine Gustavsen Fimreite(81.), Mari Hov Heggestad(60.)
Dommarar: HD-Petja Cink, AD-Markus Bukholm Solbakken, AD-Hasan Khaled Qabalan
Det var flotte rammer på Fosshaugane Campus med vel 200 tilskodarar på ein varm junidag der gradestokken viste nærare 30 grader. Starten av 1.omgang skaper begge lag nokre store sjansar. Damene frå Kirkenes kjempar hardt, men Sogndal FK Damer tek over banespelet utover i omgangen og skaper ein del farligheiter utan å få ballen i mål. Laga går difor til pause med 0-0.
Me pangopnar i 2.omgang og scorer 1-0 etter i det 46. spelminutt ved Julie S. Pettersen. Dei frammøtte tilskodarane måtte leve i spenning heile omgangen, heilt til Andrea Njøs sette spikeren i kista på overtid. Ein vel gjennomført kamp, som gir energi inn i ei ny treningsveke før turen går til Oslo og kamp mot rekruttane til LSK Kvinner.
Me takkar Bjørnevatn, dommarar, Saftkokardn og dei frammøtte tilskodarane for kampen!
Treningssamling for Sognenettakademiet og besøk av ivrige fotballjenter frå Høyanger
Ein flott fotballdag i Sogndal starta med trening for akademigruppa vår i SognenettAkademiet. Treningsgruppa består av spelarar fødde 2011 frå Sogn og i dag hadde vi også med oss to hospitantar fødde 2012 frå Sogndal. Økta vart leia av spelarutviklar Marianne Mellesdal, Martin Natvig og keepertrenar Vidmar Hjellhaug.
Etter økta vart det servert lunsj før spelarane fekk vere med på kampmøte saman med a-laget vårt, samt eit lite foredrag om kosthald og ernæring.
I tillegg til akademisamling var vi så heldige å få besøk av 23 ivrige fotballjenter i alderen 10-14 år frå Høyanger. Dei fekk vere med på foredrag med akademijentene og bidrog som ballhentarar under kampen mot Bjørnevatn.
Me takkar så mykje for besøket! Er det andre klubbar eller jentelag som ønskjer å legge ei sosialsamling til Fosshaugane på kampdag, så legg me gjerne til rette for dette. Send då ein mail til post@sogndalfk-damer.no







